fredag 24. juni 2011

Hekleduken veks i sommarvarmen. ;)



Om sommaren fristar det lite å strikke med ullgarn, difor fann eg fram hekleduken som vart påbegynt for over 5 år sidan !

Det går frykteleg sakte med heklenål nr. 1,00 og Solberg bomullsgarn 12/3.

Tok den med meg på ein liten ferietur og hekla og hekla. Brått vart det slutt på garnet ! Fekk nesten abstinenser, hehe..

Men no er eg i gong igjen. Sommarbiletet er frå Fjærland.

søndag 5. juni 2011

Sommarhekling


Om sommaren er det ekstra kjekt å hekle.

Her held eg på med laaange remser. Skulle opprinneleg vera som blonde til ein duk, men mykje endrar seg med tida..

Trur det heller blir ei hyllebord i et gammalt skap som er arva.

Garn vekt


Dette er ein uunnværleg "duppeditt", som eg har fått hos mi snille dotter.
Kjekk sak når eg lurer på om eg har nok garn til et nytt strikkeprosjekt.

lørdag 4. juni 2011

Trekantsjal


Strikkar sjal for første gong etter engelsk oppskrift. Var litt skeptisk, men fann fort ut at den er bedre enn mange norske oppskrifter ! Følte eg omtrent knekte ein kode !

Oppskrifta står på Ravelry og heiter LaLa's Simple Shawl. Skal eigentleg strikkast i Mirasol, men som Dalegarn tilhengar strikkar eg det i Dale babyull farge nr. 5245. Pinne nr. 3,5. Mjukt og godt.

Mønsteret er veldig enkelt og går omtrent av seg sjøl. Ei anna sak er kor tid det blir ferdig ? Men det hastar ikkje, hausten er eit godt stykke unna enno. Heldigvis. ;)

torsdag 2. juni 2011

Pinnestopper frå Husfliden



På Husfliden i Bergen fekk eg fatt i desse kjekke pinnestopperane. Dei består av 2 dreia dingsar med ein strikk i mellom.

Genialt når ein har strikketøyet med på strikkekafe, hyttetur og på reise. Sjå, dei kledde jammen pinnane og sokkebråtet og. Hehe

Skrinet med det rare i ...



Sånn, då har eg endeleg fått desse fantastisk gode strikkepinnane i hus ! Symfonie Rose.

Dei blir av mange kalla luksuspinnar ! Størrelsen er frå 3,5 - 8,0. Vaiere til å skru på i fleire lengder. Pinnestopparer og ei flott sjalnål følgjer med i det vakre skrinet.

Kjøpte dei under Bergens strikketreffet på Hifa/Hillesvåg Ullvarefabrikk. Fekk ei ny strikkeverd !

tirsdag 29. mars 2011

Babyjakke i havskum mønster


Babyjakke strikka i BabySilk.
Oppskrifta er å finna i heftet Strikk til baby. Nr. 0 Frå Du Store Alpakka.

søndag 27. februar 2011

Har sydd meg strikkepinneetui




Likar å ha orden i strikkepinnane mine.

Til strømpepinnane kjøpte eg ei brikke på KID, bretta den og lagde rom til kvar størrelse. Rulla den sammen og festa band til knyting.

Til rundpinnane kjøpte eg i samme stoff ein lang løpar på KID, bretta den og sydde litt breiare lommer. Rullar også den sammen, og tvinna ei snor/hekla ein dings til pynt. Sette på små klisterlappar med str. 2, 2 1/2, 3, 3 1/2.. o.s.v.

Enkelt og praktisk !

lørdag 19. februar 2011

Sengeteppe.... ?


Begynte på desse remsene for 3-4 år sidan ! Var vel tenkt til eit sengeteppe.. men det går tregt ! Har fundert på om det heller kan bli løpar..

Remsene blir hekla i Solberg bomullsgarn 12/4. Heklenål 1,50.

lørdag 12. februar 2011

Vottar i populært vaffelmønster


Vottar strikka i Lanett på p.nr. 2 1/2.

La opp 60 m og strikka fram og tilbake 6 pinnar rett (riller).
Fortsette å strikka rundt *2 omg. r og 2 omg. 2 r og 2 vr*.
Gjentok frå *til* til votten målte 10 cm.
Sette av 12 m til tommel og la opp 12 m over på neste omgang.
Når votten målte 21 cm begynte eg å fella 1 m på kvar side på kvar omgang.

Tommel: Strikka 24 m i glattstrikk 6 cm og felte.

tirsdag 8. februar 2011

Strikka nålepute frå folkeskulen på 1950 talet




For oss som vaks opp på 1950 talet, var det obligatorisk å strikka nåleputer i handarbeidstimen i folkeskulen.

Det var slik vi lærte å strikka !

Eg var så heldig å få repetert oppskrifta hos ei tidlegare handarbeidslærarinne for nokre år sidan.





Oppskrift:
Strikk 3 lappar i forskj. fargar.
Legg opp 9 m og strikk alle pinnar rett = riller
Ein lapp = 5 cm
Ein lapp = 7,5 cm
Ein lapp = 10 cm

Sy sammen kvar lapp til ein ring. Dei kortaste sidene sys sammen.
Brett alle lappane dobbelt og sett dei sammen med den minste innerst, så den mellomste og til slutt den største.

søndag 23. januar 2011

Åååå nei - no kan eg ikkje strikka !



Ja, slik gjekk det på glatten nylig, med handleddet !

For ei "strikkoman" dame som meg, var første tanken denne:
Kva skal eg no finna på ? Eit ordtak heiter: Nød lærer naken kvinne å spinne.
Får lese nokre av alle dei uleste bøkene då ?
Som tenkt, så gjort.

Men duuu, som eg gleder meg til å få av gibsen og strikke som normalt igjen !

søndag 9. januar 2011

Mi sokkeoppskrift - lært av mor

Sidan mange påstår dei ikkje kan strikke sokkar, deler eg
her:

Mi sokkeoppskrift - lært av mor

Den er ekstra detaljert, slik at den er lett å forstå.

Garn med ca. strikkefasthet: 22 m = 10 cm.
Strømpepinnar nr. 3 og 3 1/2
Sko størrelse: 37 - 39

Legg opp 48 m på p.nr. 3 (12 m på kvar pinne) og strikk 2 r og 2 vr 12-15 cm.
Skift til pinne nr. 3 1/2 og strikk 3-4 omg. glattstrikk.

Hæl: Strikk ca. 7 cm glattstrikk fram og tilbake over 24 m midt bak.

Hælfelling: (Bandhæl)
Strikk 16 r, 2 vridd r smn. Snu.
Ta første m laus av, 8 vr, 2 vr smn. Snu.
Ta første m laus av, 8 r, 2 vridd r smn. Snu.
Ta første m laus av, 8 vr, 2 vr smn. Snu.
Ta første m laus av, 8 r, 2 vridd r smn. Snu.
Ta første m laus av, 8 vr, 2 vr smn. Snu.
Ta første m laus av, 8 r, 2 vridd r smn. Snu.
Ta første m laus av, 8 vr, 2 vr smn. Snu.
Ta første m laus av, 8 r, 2 vridd r smn. Snu.
Ta første m laus av, 8 vr, 2 vr smn. Snu.
Ta første m laus av, 8 r, 2 vridd r smn. Snu.
Ta første m laus av, 8 vr, 2 vr smn. Snu.
Ta første m laus av, 8 r, 2 vridd r smn. Snu.
Ta første m laus av, 8 vr, 2 vr smn. Snu.

Du har no 10 m igjen på pinnen. Fordel desse på 2 pinnar. (5 m på kvar)
Plukk opp ca. 12 m langs begge sider av hælkappen, og strikk så 1 omg. rett over alle pinnane.
No skal du felle slik:
*Strikk dei 2 siste m på 1. pinne vridd r smn, og dei 2 første m på 4. pinne r smn.
Strikk 1 omg. uten å felle.* Gjenta frå *til* til du har 48 m,
som var antalet før hælen.
Strikk vidare til sokken når toppen av lilletåa.

Tåfelling: (rund tå)
Strikk 4 r, 2 r smn vekselvis ut pinnen.
4 omg. utan å felle.
Strikk 3 r, 2 r smn vekselvis ut pinnen.
3 omg. utan å felle.
Strikk 2 r, 2 r smn vekselvis ut pinnen.
2 omg. utan å felle.
Strikk 1 r, 2 r smn vekselvis ut pinnen.
1 omg. utan å felle.
Strikk tilslutt 2 og 2 m smn, og træ tråden gjennom
dei siste m. Fest godt.

Lukke til då !

onsdag 29. desember 2010

Tova vottar





Endeleg kan eg leggja ut vottane som var ein del av julegåvene dette året.

Dei er strikka i Rauma finull.
Oppskrifta på dei med striper fann eg i Familien nr. 19/2003.

Dei einsfarga er vinnarbidraget i Romsdalsmuseets håndplaggkonkurranse i 2009.
Designa av Reidun Solberg frå Midsund.

søndag 28. november 2010

Søndagstur i skogen




Med ull innerst og ytterst gjekk søndagsturen i eit nærliggjande område.

Kom over desse trea der nokon har strikka "tre varmera".

Eit koseleg påfunn.

Sokkar med holmønster


Mjuke og gode sokkar strikka i garnet STERK frå Du store Alpakka.

Eg fann oppskrifta i heftet deira "Strikk sokker". Design nr. 1.

Er spent på korleis dei oppfører seg i bruk..
Garnet inneheld 40 % alpakka, 40 % ull og 20 % nylon.

Litt historikk: Alpakkahåret kjem frå alpakkane som lever høgt oppe i Andesfjella i Peru, 4000-5000 meter over havet. Der skifter klimaet frå brennande sol om dagen til mange kuldegrader om natta, noko som gjer at alpakkaen vernar mot solvarmen og isolerer kulden.

Så dette blir spennande..

mandag 8. november 2010

Strikka handkle

Før i tida var det vanleg med heimestrikka handkle.
Har her eg tatt opp igjen tradisjonen og strikka 2 stk.,
det eine i dobbel perlestrikk og det andre i havskum mønster.

Ser dei ikkje heilt for meg i aktivt bruk, men meir til pynt på hytta.
Garn: Tuva

søndag 7. november 2010

Panneband igjen.



Sidan dei fleste pannebanda blir gitt vekk i tur og orden, strikka eg i dag eit til meg sjøl. Lagde det litt mindre enn oppskrifta denne gongen.
Med snø på bakken i dag kom det vel med.

Som den Dalegarn tilhengar eg er, strikka eg det i Dale baby ull, dobbel tråd, på p. nr. 3,5.

Fann ein gammal knapp frå 50 talet i samlinga mi, som eg syntes passa fint.