Viser innlegg med etiketten Sokkar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sokkar. Vis alle innlegg

søndag 9. januar 2011

Mi sokkeoppskrift - lært av mor

Sidan mange påstår dei ikkje kan strikke sokkar, deler eg
her:

Mi sokkeoppskrift - lært av mor

Den er ekstra detaljert, slik at den er lett å forstå.

Garn med ca. strikkefasthet: 22 m = 10 cm.
Strømpepinnar nr. 3 og 3 1/2
Sko størrelse: 37 - 39

Legg opp 48 m på p.nr. 3 (12 m på kvar pinne) og strikk 2 r og 2 vr 12-15 cm.
Skift til pinne nr. 3 1/2 og strikk 3-4 omg. glattstrikk.

Hæl: Strikk ca. 7 cm glattstrikk fram og tilbake over 24 m midt bak.

Hælfelling: (Bandhæl)
Strikk 16 r, 2 vridd r smn. Snu.
Ta første m laus av, 8 vr, 2 vr smn. Snu.
Ta første m laus av, 8 r, 2 vridd r smn. Snu.
Ta første m laus av, 8 vr, 2 vr smn. Snu.
Ta første m laus av, 8 r, 2 vridd r smn. Snu.
Ta første m laus av, 8 vr, 2 vr smn. Snu.
Ta første m laus av, 8 r, 2 vridd r smn. Snu.
Ta første m laus av, 8 vr, 2 vr smn. Snu.
Ta første m laus av, 8 r, 2 vridd r smn. Snu.
Ta første m laus av, 8 vr, 2 vr smn. Snu.
Ta første m laus av, 8 r, 2 vridd r smn. Snu.
Ta første m laus av, 8 vr, 2 vr smn. Snu.
Ta første m laus av, 8 r, 2 vridd r smn. Snu.
Ta første m laus av, 8 vr, 2 vr smn. Snu.

Du har no 10 m igjen på pinnen. Fordel desse på 2 pinnar. (5 m på kvar)
Plukk opp ca. 12 m langs begge sider av hælkappen, og strikk så 1 omg. rett over alle pinnane.
No skal du felle slik:
*Strikk dei 2 siste m på 1. pinne vridd r smn, og dei 2 første m på 4. pinne r smn.
Strikk 1 omg. uten å felle.* Gjenta frå *til* til du har 48 m,
som var antalet før hælen.
Strikk vidare til sokken når toppen av lilletåa.

Tåfelling: (rund tå)
Strikk 4 r, 2 r smn vekselvis ut pinnen.
4 omg. utan å felle.
Strikk 3 r, 2 r smn vekselvis ut pinnen.
3 omg. utan å felle.
Strikk 2 r, 2 r smn vekselvis ut pinnen.
2 omg. utan å felle.
Strikk 1 r, 2 r smn vekselvis ut pinnen.
1 omg. utan å felle.
Strikk tilslutt 2 og 2 m smn, og træ tråden gjennom
dei siste m. Fest godt.

Lukke til då !

søndag 28. november 2010

Sokkar med holmønster


Mjuke og gode sokkar strikka i garnet STERK frå Du store Alpakka.

Eg fann oppskrifta i heftet deira "Strikk sokker". Design nr. 1.

Er spent på korleis dei oppfører seg i bruk..
Garnet inneheld 40 % alpakka, 40 % ull og 20 % nylon.

Litt historikk: Alpakkahåret kjem frå alpakkane som lever høgt oppe i Andesfjella i Peru, 4000-5000 meter over havet. Der skifter klimaet frå brennande sol om dagen til mange kuldegrader om natta, noko som gjer at alpakkaen vernar mot solvarmen og isolerer kulden.

Så dette blir spennande..

lørdag 11. september 2010

Sokker under arbeid - oppskrift


Strikkar sokk nr. 1 og 2 paralellt.
Garn: Perfect
Pinnenr.: 3,5

Til dame legg eg opp 52 m, til herre 56 m.
Vaffelmønster: 12 omg. 2 r og 2 vr.
Deretter vekselvis 2 omg. r og 2 omg. 2 r og 2 vr.

lørdag 31. juli 2010

Sokkestrikking


På ein av strikkekafeane eg er på, såg eg Siri held på å strikka stripete sokkar. I garnhaugen min fann eg 2 nøster Sisu, så her er eg i gong.

Eg synes alltid det er kjekkast å strikka sokk nr. 1. Sokk nr. 2 er mange gonger eit ork !!! Han eg bur ilag med kom med denne: "Kan du ikkje strikka sokk nr. 2 først då !? " Hehehehehehe..

torsdag 13. mai 2010

Ankelkorte "innesokkar" med perler


I boka "Strikk og bruk" frå Du store Alpakka fann eg oppskrifta til desse ankelsokkane. Dei er strikka i Sterk på p.nr. 3

Pynta dei med perler og perlemorblomster.

søndag 31. januar 2010

Gladsokkar ;)


Gladsokkar i Dalegarn sitt Falk. På bråtet har eg brukt effektgarnet Pelikan, også frå Dalegarn. Unnateke det siste paret, som eg ikkje hugsar navnet på.

lørdag 5. desember 2009

Førjulskos med strikka sokkar

Endå eit par sokkar er ferdig. Dei er strikka i Regia på p.nr. 3 1/2. Mønsteret heiter Blueberry Waffle Socks. Altså på godt norsk Vaffelsokkar ! :)

mandag 23. november 2009

Sokkedilla. :)

Ingenting er som heima strikka sokkar.

Garn: Online, Regia, Fabel, Perfect og Sisu.

lørdag 21. november 2009

Dale sokkar.




Kjekke, kjappe sokkar å strikke !
Dei er strikka i Freestyle og Pelican frå Dalegarn.
Pinnenr. 5. Dei er strikka fram og tilbake og sydd sammen til slutt.
Oppskrifta står i Dalegarn hefte nr. 167. "Gøy med garn".

torsdag 12. november 2009

Ankelsokker


Har eit mål om å få redusert garn lageret, og jammen fekk eg akkurat nok av dette garnet til eit par ankel sokker.
Dei kjem til å få bein å gå på. *fnis*

fredag 23. oktober 2009

Gladsokkar


Sokkar strikka i Regia på p. nr. 3.

tirsdag 13. oktober 2009

Tova sokkar


Desse sokkane er strikka i Mor Aase ullgarn og tova i vaske maskina.