søndag 26. august 2012

Seleskjørt i Dale babyull





Garn: Dale babyull
Pinne nr. 3.

Oppskrifta er tatt utgangspunkt i oppskrift nr. 20 i SandnesGarn sitt mix barn hefte 0902, men med personlege endringar og annen garnsort.
Som Dale garn tilhengar valgde eg Dale babyull.
Ideen fekk eg i Trådsnella sitt forum hos Anne Grete. Ho strikkar mykje fint !

søndag 6. mai 2012

Kom mai du skjønne ... kalde



Er igjen blitt inspirert av G - Anette sin blogg: http://g-anette.blogspot.com
Der fann eg oppskrift på mjuk hals. Med snøbyger i dag 6. mai (!) blir nok ein av desse tatt i bruk på tur i terrenget.

Garn: 2 nøster Drops Nepal
Pinnenr. 5
Kjempeenkelt mønster !

tirsdag 1. mai 2012

Hekla korg



Garn: Eskimo frå Drops
Heklenål 6

Oppskrifta fann eg i den fine, inspirerande bloggen til Gry-Anette frå Tromsø !

http://g-anette.blogspot.com


Snuppesnella




lørdag 21. januar 2012

"Glade" vaskeklutar

Det skal ikkje stå på at ikkje utstyret er i orden, hvis
eg skulle få reingjeringsdilla..

Tok klutane med ut i solskinnet i dag.

Oppskrift

Garn: 1 nøste Drops Paris
Pinnenr. 4.

Legg opp 45 m.
1. omg.: 1 vrang *3 rett 1 vrang*. Gjenta frå *til*. Avslutt med 1 vrang.
2. omg.: 2 rett *1 vrang 3 rett*. Gjenta frå *til*. Avslutt med 2 rett.
Gjenta desse omg. vekselvis til nøstet er brukt opp.


Gode pulsvarmarar


Desse mjuke og gode pulsvarmarane vart ein del av julegåvene sist jul.
Garn: Alpa frå Trysilgarn.
Pinnenr. 4

Oppskrifta fann eg i den fine bloggen til Smått & Stort.
Dei er strikka i det kjende "vaffelmønsteret".

torsdag 12. januar 2012

Hekla og tova ballerinatøfler
























Garn: 2 nøster Fritidsgarn.
Heklenål 6.
Fann den kjekke oppskrifta i bloggen til Mirrevirre.

Brukte 1 nøste pr. tøffel. Tova dei i vaskemaskina på 40 gr. - vanlig vask med Milo.
Forma dei våte på foten. Oppskrifta passar til str. 37-39.

søndag 8. januar 2012

Hals- og pulsvarmer

Garn: Drops Extra Merino Fine
Pinnenr. 6.
Oppskrifta fann eg i bloggen til Smått & Stort.