søndag 27. februar 2011

Har sydd meg strikkepinneetui




Likar å ha orden i strikkepinnane mine.

Til strømpepinnane kjøpte eg ei brikke på KID, bretta den og lagde rom til kvar størrelse. Rulla den sammen og festa band til knyting.

Til rundpinnane kjøpte eg i samme stoff ein lang løpar på KID, bretta den og sydde litt breiare lommer. Rullar også den sammen, og tvinna ei snor/hekla ein dings til pynt. Sette på små klisterlappar med str. 2, 2 1/2, 3, 3 1/2.. o.s.v.

Enkelt og praktisk !

lørdag 19. februar 2011

Sengeteppe.... ?


Begynte på desse remsene for 3-4 år sidan ! Var vel tenkt til eit sengeteppe.. men det går tregt ! Har fundert på om det heller kan bli løpar..

Remsene blir hekla i Solberg bomullsgarn 12/4. Heklenål 1,50.

lørdag 12. februar 2011

Vottar i populært vaffelmønster


Vottar strikka i Lanett på p.nr. 2 1/2.

La opp 60 m og strikka fram og tilbake 6 pinnar rett (riller).
Fortsette å strikka rundt *2 omg. r og 2 omg. 2 r og 2 vr*.
Gjentok frå *til* til votten målte 10 cm.
Sette av 12 m til tommel og la opp 12 m over på neste omgang.
Når votten målte 21 cm begynte eg å fella 1 m på kvar side på kvar omgang.

Tommel: Strikka 24 m i glattstrikk 6 cm og felte.

tirsdag 8. februar 2011

Strikka nålepute frå folkeskulen på 1950 talet




For oss som vaks opp på 1950 talet, var det obligatorisk å strikka nåleputer i handarbeidstimen i folkeskulen.

Det var slik vi lærte å strikka !

Eg var så heldig å få repetert oppskrifta hos ei tidlegare handarbeidslærarinne for nokre år sidan.





Oppskrift:
Strikk 3 lappar i forskj. fargar.
Legg opp 9 m og strikk alle pinnar rett = riller
Ein lapp = 5 cm
Ein lapp = 7,5 cm
Ein lapp = 10 cm

Sy sammen kvar lapp til ein ring. Dei kortaste sidene sys sammen.
Brett alle lappane dobbelt og sett dei sammen med den minste innerst, så den mellomste og til slutt den største.