fredag 23. oktober 2009

Gladsokkar


Sokkar strikka i Regia på p. nr. 3.

Hekla slumreteppe


Dette vart den store overraskelsen i år. :)

Dottera flytta i ny leilighet dette året, og i smug hekla eg dette slumreteppet til bursdagen hennar.
Det fall i god smak !

Hekla i Superwash ullgarn. Heklenål 3,5.

onsdag 21. oktober 2009

Hekla lue


Lue hekla i Topp 't tå garn, heklenål nr. 5. 2 nøster.

Oppskrift:
Legg opp 6 lm, fest til ring.
Hekle 12 staver i ringen og fest.
Hekle 2 staver i hver stav runden rundt, fest.
Hekle 2 staver i 1. stav, så 1 stav. Fortsett rundt,og fest.
Hekle 2 staver i 1. stav, så 2 staver. Fortsett rundt, og fest.
Hekle 2 staver i 1. stav, så 3 staver. Fortsett rundt, fest.

Fortsett rundt til ønsket lengde.
Hekle en kant rundt med picoter (3 lm, 1 fm i første lm, hopp over 1 m, 1 fm i kanten)

Blomst:
Hekle 6 lm, fest til ring.
Hekle 15 fm i ringen.
Hekle 4 lm, dobbelstav i neste m, 4 lm og 1 fm i neste maske. Fortsett rundt.

Blomsten festes med noen sting i luen.

Tube-sokkar


Kjekke leggvarmarar.
Fann oppskrifta på Garnstudio sine sider. Oppskrift nr. 86-20.
Valgde å strikka dei i Sisu.

Gammalt vottemønster


Dette er eit gammalt vottemønster som er
rekonstruert etter ein original som er å finna
på Osterøy Museum.
Vottane har forskj. navn som kyrkjevottar el. søndagsvottar.
Eg har brukt Bambino babyull. P.nr. 2 1/2.

søndag 18. oktober 2009

Haust møter vinter



Tok med meg apparatet på ein liten fotosafari i helga.

torsdag 15. oktober 2009

Hekla brikke

Denne er hekla for lenge sidan. Ser nesten ut som Hardanger saum. Hugsar ikkje kva garn eg brukte. Mulig det er Mølnlycke...

Tova vesker


Veskene er strikka i Vamse garn frå Husfliden og Fritidsgarn. Tova i vaskemaskina.
Lagde knapphol og brukte glassperlepynt som knapp.

Strikkeferje over Bømlafjorden. :)

Minne frå hausten -08, då Bømlo Husflidslag feira 20 års jubileum. Eg var skikkeleg langveisfarande då eg var med på denne kjekke turen. Sjøen var ikkje akkurat roleg då vi for att og fram på Bømlafjorden ! Men med strikketøy, kaffi og vafler var vi samde om at vi hadde ein gild tur. :)

Hekla duk


Denne duken er hekla i Solberg 12/3 mercerisert bomullsgarn.
Oppskrifta sto i et ukeblad for lenge sidan, men er å finna i Gjestal hefte. nr. 1006-10

onsdag 14. oktober 2009

Når du vil strikke av eit anna garn..

Det er ikkje alltid at garnet ein har lyst til å strikke av, er det samme som i oppskrifta. Her er eit reknestykke eg brukar ofte når eg må forandre masketalet, og som fungerer veldig bra:

Garnet i oppskrifta: Strikkefastheit: 17 m = 10 cm
Legg opp 70 m
70 : 17 = 4,1
Etter vrangborda aukast til 85 m
85 : 17 = 5

Ny oppskrift: Strikkefastheit: 22 m = 10 cm
Legg opp
4,1 x 22 = 90 m
Etter vrangborda aukast til
5 x 22 = 110 m

Garnvett reglane. :)

Gode råd hvis du har tenkt deg ut på tur:

1. Legg ikkje ut på langtur utan tilstrekkeleg utstyr.
2. Meld frå kor du går, husk det kan vera andre strikkera som ønskjer selskap.
3. Vis respekt for garn og pinner.
4. Lytt til erfarne strikkera.
5. Vær rusta mot dårlege tider, sjøl for korte periodar, ha alltid nok garn i reserve.
6. Husk kart og kompass, slik at ingen garnforretning er trygg.
7. Gå ikkje aleine, viktig å ha selskap.
8. Vend i tide, det er ingen skam å snu, dersom nøden etter garn er stor.
9. Spar på kreftene, og grav deg ned i garnet om nødvendig.


God tur ! ;)

Madeira - ei vakker øy !



Bilder frå vakre Madeira. Var der i april -07.












Brodert pute frå Madeira


Madeira er ei vakker og fin øy som er verdt eit besøk. Dei er flinke med handarbeid og eg kjøpte denne vakre puta av ei dame der.

Korger


Har alltid hatt litt sans for korger. På tur til Madeira kom eg over eit spennande korgmarked. ;)
Her var det godt å vera !!! ;)

Babyluer til Malawi i Afrika


Det har dette året gått ei strikkebølge over heile landet til for tidleg fødte barn i det afrikanske landet Malawi. Den heiv eg meg på og fekk brukt mykje restegarn. På strikkekafeen var ivrige damer i sving, og kunne overlevera til Haukeland sjukehus heile 917 luer ! Her er nokre av mine.

Hekla remser


Desse hekla remsene veit eg ikkje heilt kva eg skal bruke til. Kanskje på ei hylle el.l. Har brukt Solberg 12/3 bomullsgarn

tirsdag 13. oktober 2009

Grytelapputstilling
















På Osterøy Museum var det for ei tid sidan ei imponerande grytelapputstilling ! Sjå her kva 20-30 damer kom med i posar til den planlagde utstillinga ! Du blir i godt humør av alle dei flittige hendene som har vore i sving i lang lang tid tilbake. Legg ut her ein brøkdel av dei... !

Lommetøfler


Desse populære lomme tøflane til Hedvig er det strikka mange av. Ein skulle gjerne tru at det er noko nymotens greier, men i eit gammalt strikkehefte frå 50 talet er det oppskrift på dei. Men den gongen vart dei kalla nattsokkar. Så dei kunne det før i tida også.

Vakre Skudeneshavn !



































































Reis til Skudenes-havn og opplev eit syn for auga og ei oppleving for sjela ! Den gamle bebyggelsen er godt bevart med kvite hus og smale smau med koselege kafear. Var der for eit par år sidan og reiser med glede tilbake !

Vakkert gammalt sengeteppe !


Dette vakre sengeteppet kom eg over på Osterøy museum. Måtte heim i oppskriftene mine å leite, og jammen fann eg oppskrifta !
Hm.. så var det pågangsmotet då. Har mange ufo'ar...

Tova sokkar


Desse sokkane er strikka i Mor Aase ullgarn og tova i vaske maskina.

Sommar i hagen


Slik såg det ut i hagen i sommar.

Pusekattar..


Her har eg testa det nye Nikon fotoapparatet mitt.

Vakker plante


Eit lite kunstverk i naturen.

Kvitveis


Vakker vårplante som det finst mykje av på desse kantar.

Babyteppe


Babytepper er kjekt å strikke. Dette er i dobbel perlestrikk strikka i Dale babyull på pinne nr. 4. Luftig og utruleg mjukt. Brukar ca. 6 nøster.
Oppskrift: Legg opp 172 m og strikk i begynnelsen og slutten av teppet 8 p rett =riller. Dei 4 første og 4 siste m på pinnen strikkast heile tida rett.

Ellers dobbel perlestrikk slik: 2 pinner 2 r og 2 vr, og 2 pinner vr over r og r over vr.

Strikk til teppet er omtrent firkanta.
Hekle ein picotkant rundt heile teppet til slutt, slik: *3 lm, 1 fm i første lm, 1 fm i kanten* Gjenta frå *til*.

mandag 12. oktober 2009

Bær på tre


Plukke plukke...

Natursti

I nærområdet går det ein fin natursti som er mykje brukt. Hadde meg ein tur ein fin oktoberdag.

Trøtt av dage


På mi vandring i naturen slumpa eg bort i denne. Det er haust og vinteren nærmar seg. Kunne vore god å varma seg på, men for seint antakeleg..

Stubbe


Tok med meg mitt nye Nikon digitale speilrefleks kamera på vandring i nærområdet. Der traff eg denne stubben som har sett sine beste dagar.