mandag 23. november 2009

Sokkedilla. :)

Ingenting er som heima strikka sokkar.

Garn: Online, Regia, Fabel, Perfect og Sisu.

lørdag 21. november 2009

Dale sokkar.




Kjekke, kjappe sokkar å strikke !
Dei er strikka i Freestyle og Pelican frå Dalegarn.
Pinnenr. 5. Dei er strikka fram og tilbake og sydd sammen til slutt.
Oppskrifta står i Dalegarn hefte nr. 167. "Gøy med garn".

søndag 15. november 2009

Tapte draumar..

Dette må vera teikn på tapte draumar !
Ufo heiter det i vår tid.
Her er store hekle prosjekt som er blitt liggande halvferdig i laaang tid, men også et par strikke prosjekt. Så "elle melle"...

Sånn er det i denne hobbyverda..

Slumreteppe

Teppet, Raspberry Chevron Afghan
har eg strikka i remser og sydd dei sammen.
Brukte Superwash ullgarn og p.nr. 4
Det er ca. 1,85 m langt og ca. 1,30 bredt.
Trudde faktisk at eg måtte strikke det breiare, men heilt unødvendig, då det er veldig elastisk
og strekkjer seg.
Et herleg teppe som varmer godt !

lørdag 14. november 2009

Hekla små brikker



Desse har eg hekla i Mølnlycke heklegarn.
Brukar dei som glass underlag. Skål ;)


Frå Skopelos



For nokre år sidan gjekk ferieturen til den lille greske øya Skopelos.
Der traff eg ei koseleg dame som sat på trappa
utenfor huset sitt å hekla.
Gjennom felles interesser fekk eg ekstra god kontakt med henne.

Eg gav henne eit hjerte i Hardangersøm som eg sjøl hadde sydd. Og til gjengjeld fekk eg denne fine hekla brikka !

torsdag 12. november 2009

Ankelsokker


Har eit mål om å få redusert garn lageret, og jammen fekk eg akkurat nok av dette garnet til eit par ankel sokker.
Dei kjem til å få bein å gå på. *fnis*

onsdag 11. november 2009

Haustkveld - strikkekos

-
Fyr i peisen, talgalys, sjokolade i koppen
og strikketøy ein novemberkveld. Det er kos det !

lørdag 7. november 2009

Babyjakke


Dette er babyjakka eg strikkar
til nyfødde små prinsesser og
prinser.
Mønsteret er frå 1970 talet.
Denne er strikka i Bambino, men
eg brukar oftast Dale baby ull.

Hekla veske


Hekla denne med fastmasker
i 2 forskj. garnsorter.
Kjekk å ha med seg på strikkekafe
med et lite handarbeid opp i.

onsdag 4. november 2009

Gamle gode minner.






Gamle gode minner frå oppveksten på 50 talet.


Gamle hobbybøker


Det er kjekt med slike gamle handarbeidsbøker. Dei blir tatt godt vare på av ei dame som meg.