søndag 27. desember 2009

Vinhøne


Fekk denne artige strikka vinhøna til jul, med
innhald ! ;) Den skal vera strikka i Fritidsgarn
og tova i maskina. Takk til ei strikkeglad dotter !


søndag 13. desember 2009

Det er von i hangande snøre ! ;)


Det er von i hangande snøre ! Dette er meininga skal bli eit teppe. Fargane er fine til den nye sofaen, men eg har det med å gå lei av slike store prosjekt...

Eg brukar Dalegarn sitt Falk og heklenål 3,5. Oppskrifta står i Dalegarn sitt hefte nr. 214 Interiør & tilbehør.

lørdag 5. desember 2009

Julebaksten er i gong.

Heimelaga Serinakaker i desse gamle kake boksane set ein ekstra spiss på jula !




Her er oppskrifta:
150 g meierismør
125 g sukker
1 egg
1/4 ts hjortetakksalt
1 ts vaniljesukker
200 g kveitemjøl
egg til pensling
finskårne mandlar
Rør smør og sukker kvitt. Ha i resten. Avkjøl deigen. Trill ei jevn pølse og del den i like store emner. Lag kuler og trykk ned med ein gaffel. Kakene penslast med egg og strøs med mandlar. Dryss gjerne på litt perlesukker. Steik ved 190 gr. 10-12 min.


Hekle kos :)

I desse travle førjulstider er det kjekt å komma heim
til denne korga med hekleduken som ventar.

Den vart påbegynt for hm.. 3 år sidan ! Det er lange pausar og går i rykk og napp.
Eg heklar den i Solberg bomullsgarn 12/3 off white og heklenål 1,00. Den skal dekka heile bordet, hvis den blir ferdig...
Mønsteret fann eg i KK så langt tilbake som 1981 ! Handarbeidsider blir ikkje kasta i denne heimen, nei. ;)
Dei får det morsomt dei som skal rydda etter meg ein gong. *fnis*

Førjulskos med strikka sokkar

Endå eit par sokkar er ferdig. Dei er strikka i Regia på p.nr. 3 1/2. Mønsteret heiter Blueberry Waffle Socks. Altså på godt norsk Vaffelsokkar ! :)