Viser innlegg med etiketten Hekling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hekling. Vis alle innlegg

tirsdag 1. mai 2012

Hekla korg



Garn: Eskimo frå Drops
Heklenål 6

Oppskrifta fann eg i den fine, inspirerande bloggen til Gry-Anette frå Tromsø !

http://g-anette.blogspot.com


Snuppesnella




torsdag 12. januar 2012

Hekla og tova ballerinatøfler
























Garn: 2 nøster Fritidsgarn.
Heklenål 6.
Fann den kjekke oppskrifta i bloggen til Mirrevirre.

Brukte 1 nøste pr. tøffel. Tova dei i vaskemaskina på 40 gr. - vanlig vask med Milo.
Forma dei våte på foten. Oppskrifta passar til str. 37-39.

søndag 17. juli 2011

Hekla brikker

I bloggen: olavas.blogspot.com fann eg oppskrifta til desse kjekke brikkene.
Eg hekla dei i Solberg Fiol, heklenål 2,5, og brukar dei som underlag til ein kaffikopp eller eit vinglas. Mønsteret blir kalla "Japanske blomster".

lørdag 2. juli 2011

Eple etui


I bloggen til Strikkemor(o) såg eg slike kjekke eple etui.


Eg la alt anna halvferdig handarbeid til side og hekla desse på ein - to - tre.
Dei er kjappe å hekle i fastmasker.


Oppskrifta fann eg i bloggen til pepperkakehusetmitt.blogspot.com

Garn: Bomull Sport
Heklenål 3,5

fredag 24. juni 2011

Hekleduken veks i sommarvarmen. ;)



Om sommaren fristar det lite å strikke med ullgarn, difor fann eg fram hekleduken som vart påbegynt for over 5 år sidan !

Det går frykteleg sakte med heklenål nr. 1,00 og Solberg bomullsgarn 12/3.

Tok den med meg på ein liten ferietur og hekla og hekla. Brått vart det slutt på garnet ! Fekk nesten abstinenser, hehe..

Men no er eg i gong igjen. Sommarbiletet er frå Fjærland.

søndag 5. juni 2011

Sommarhekling


Om sommaren er det ekstra kjekt å hekle.

Her held eg på med laaange remser. Skulle opprinneleg vera som blonde til ein duk, men mykje endrar seg med tida..

Trur det heller blir ei hyllebord i et gammalt skap som er arva.

lørdag 19. februar 2011

Sengeteppe.... ?


Begynte på desse remsene for 3-4 år sidan ! Var vel tenkt til eit sengeteppe.. men det går tregt ! Har fundert på om det heller kan bli løpar..

Remsene blir hekla i Solberg bomullsgarn 12/4. Heklenål 1,50.

søndag 10. oktober 2010

Hekla glassbrikker - oppskrift


Desse glassbrikkene har eg hekla mange av. For det meste i tynt garn, gjerne Mølnlyche o.l.

Oppskrifta er til dei grader "heimalaga" slik:
12 lm til ring
1. omg.: 18 st i ringen
2. omg.: 2 st-3 lm
3. omg.: 5 st i mellomrommet av dei 3 lm på forrige rad-2 lm
4. omg.: 5 st-3 lm
5. omg.: 5 st-4 lm
6. omg.: 2 st, 2 st i samme st, 2 st-5 lm
7. omg.: 6 st-7 lm
8. omg.: 6 st-9 st i lmbuen
9. omg.: 8 st-5lm-hopp over 3 st-1 fm
10.omg.: 6 st-5 lm
11.omg.: 4 st-5 lm
12.omg.: 2 st-5 lm
Tilslutt picotar rundt.

Forsto du nokke ? Hehe..

Tips: Klikk midt på biletet, og du ser det i større format, og dermed enklare å forstå oppskrifta.

søndag 19. september 2010

Klar for hausten - teppet er ferdig !


Sånn, då er eg ferdig med slumreteppet !

Det er hekla i Dalegarn sitt Falk. Vart 1,30 x 1,80 m

lørdag 11. september 2010

Slumreteppet nærmar seg mål !


Held på å hekle dette slumreteppet i Falk frå Dalegarn. Heklenål nr. 3.
Er storførnøgd med fargane som er sett sammen etter som "eg har gått".
Grunnoppskrifta fann eg i Familien si heklebok nr. 3.

Det kjem til å bli ca. 1,80 langt. Klikk midt på biletet, då ser du betre fargane.

onsdag 1. september 2010

Populær gryteklut


Måtte prøva å hekle "Annepålandets" gryteklut. Eg har brukt Bomull Sport og heklenål nr. 3.

Fekk brukt ein del restegarn, så det kan bli fleire slike etterkvart.

torsdag 8. juli 2010

Heklar bølgeteppe på hytta






Etter inspirasjon i bloggen "Mitt hvite hus", er eg godt i gang med bølgeteppet.
Eg brukar Dalegarn sitt Falk og heklenål nr. 3.
Utrulig kjekt å hekle, og fargane blir til etter som "eg går". Hyttekos. ;)

tirsdag 25. mai 2010

Hekla nåleputer


Desse var kjappe og kjekke å hekle.
Brukte Bomull Sport.

mandag 26. april 2010

Hekla dekor


Med heklenål og restegarn vart desse slik.

søndag 11. april 2010

Restegarnsopprydding


Etter eit langt liv med strikking og hekling, er det igjen tid for å bruka av restegarnlageret.
Då vart det endå fleire lommetøflar i Dalegarn sitt Falk, og hekla lappar til slumreteppe.
Men føler garnlageret er like stort... !

søndag 31. januar 2010

Hekla restegarnpute


Blir visst aldri ferdig denne ! Det skal bli ei pute, men det går i rykk og napp. Hm.. kanskje eg kunne strikke bakstykke i staden for å hekle..og heller hekle picot kant rundt til slutt. Kanskje den då blir fortare ferdig.. *fnis* Garnet eg brukar er Gjestal Bomull Sport.

søndag 3. januar 2010

Hekla duk og løpar frå mor. :)


Denne flotte duken og løparen har eg fått av mor.
Ho har hekla dei i Solberg bomullsgarn 12/3.
Flott arbeid av ei dame på over 80 år !
Verdifullt !


søndag 13. desember 2009

Det er von i hangande snøre ! ;)


Det er von i hangande snøre ! Dette er meininga skal bli eit teppe. Fargane er fine til den nye sofaen, men eg har det med å gå lei av slike store prosjekt...

Eg brukar Dalegarn sitt Falk og heklenål 3,5. Oppskrifta står i Dalegarn sitt hefte nr. 214 Interiør & tilbehør.

lørdag 5. desember 2009

Hekle kos :)

I desse travle førjulstider er det kjekt å komma heim
til denne korga med hekleduken som ventar.

Den vart påbegynt for hm.. 3 år sidan ! Det er lange pausar og går i rykk og napp.
Eg heklar den i Solberg bomullsgarn 12/3 off white og heklenål 1,00. Den skal dekka heile bordet, hvis den blir ferdig...
Mønsteret fann eg i KK så langt tilbake som 1981 ! Handarbeidsider blir ikkje kasta i denne heimen, nei. ;)
Dei får det morsomt dei som skal rydda etter meg ein gong. *fnis*

lørdag 14. november 2009

Hekla små brikker



Desse har eg hekla i Mølnlycke heklegarn.
Brukar dei som glass underlag. Skål ;)