Viser innlegg med etiketten Klutar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Klutar. Vis alle innlegg

lørdag 21. januar 2012

"Glade" vaskeklutar

Det skal ikkje stå på at ikkje utstyret er i orden, hvis
eg skulle få reingjeringsdilla..

Tok klutane med ut i solskinnet i dag.

Oppskrift

Garn: 1 nøste Drops Paris
Pinnenr. 4.

Legg opp 45 m.
1. omg.: 1 vrang *3 rett 1 vrang*. Gjenta frå *til*. Avslutt med 1 vrang.
2. omg.: 2 rett *1 vrang 3 rett*. Gjenta frå *til*. Avslutt med 2 rett.
Gjenta desse omg. vekselvis til nøstet er brukt opp.


fredag 17. september 2010

Vaskeklutar - oppskrift


Ingenting er som heimestrikka vaskeklutar til kjøkkenbenken !

Desse er strikka i Paris på p.nr. 3. Tjukke og kjempegode !
La opp 49 m og strikka 3 rett og 1 vrang,(avslutta alltid pinnen med 1 rett)
Strikka til nøstet vart brukt opp.

Kan iallefall ikkje klaga på at ikkje utstyret er i orden... Hehehe

søndag 2. mai 2010

Nytt til kjøkkenet





I min iver etter å redusera garnhaugen, vart desse vaskeklutane til.

Oppskrift:
Den øverste og nederste er strikka slik: La opp 57 m på p.nr. 3,5 og strikka 3 r og 1 vr. Avslutta pinnen med 1 r. Strikka slik på alle pinnane til nøstet var brukt opp.
Dei "spettete" er strikka med dobbelt bomullsgarn. La opp ca. 50 m og strikka riller (alle pinnar rett).
Dei nest nederst er hekla. La opp 50 lm og hekla fm fram og tilbake til nøstet var brukt opp.

Slike heimalaga klutar er mykje betre enn kjøpeklutane !
Best er det å bruka bomullsgarn som kan vaskast i maskin på 60 gr.