onsdag 29. desember 2010

Tova vottar





Endeleg kan eg leggja ut vottane som var ein del av julegåvene dette året.

Dei er strikka i Rauma finull.
Oppskrifta på dei med striper fann eg i Familien nr. 19/2003.

Dei einsfarga er vinnarbidraget i Romsdalsmuseets håndplaggkonkurranse i 2009.
Designa av Reidun Solberg frå Midsund.

søndag 28. november 2010

Søndagstur i skogen




Med ull innerst og ytterst gjekk søndagsturen i eit nærliggjande område.

Kom over desse trea der nokon har strikka "tre varmera".

Eit koseleg påfunn.

Sokkar med holmønster


Mjuke og gode sokkar strikka i garnet STERK frå Du store Alpakka.

Eg fann oppskrifta i heftet deira "Strikk sokker". Design nr. 1.

Er spent på korleis dei oppfører seg i bruk..
Garnet inneheld 40 % alpakka, 40 % ull og 20 % nylon.

Litt historikk: Alpakkahåret kjem frå alpakkane som lever høgt oppe i Andesfjella i Peru, 4000-5000 meter over havet. Der skifter klimaet frå brennande sol om dagen til mange kuldegrader om natta, noko som gjer at alpakkaen vernar mot solvarmen og isolerer kulden.

Så dette blir spennande..

mandag 8. november 2010

Strikka handkle

Før i tida var det vanleg med heimestrikka handkle.
Har her eg tatt opp igjen tradisjonen og strikka 2 stk.,
det eine i dobbel perlestrikk og det andre i havskum mønster.

Ser dei ikkje heilt for meg i aktivt bruk, men meir til pynt på hytta.
Garn: Tuva

søndag 7. november 2010

Panneband igjen.



Sidan dei fleste pannebanda blir gitt vekk i tur og orden, strikka eg i dag eit til meg sjøl. Lagde det litt mindre enn oppskrifta denne gongen.
Med snø på bakken i dag kom det vel med.

Som den Dalegarn tilhengar eg er, strikka eg det i Dale baby ull, dobbel tråd, på p. nr. 3,5.

Fann ein gammal knapp frå 50 talet i samlinga mi, som eg syntes passa fint.

søndag 17. oktober 2010

Calorimetry - panneband med oppskrift


Har strikka Calorimetry - panneband her i dobbel tråd Dale babyull på p.nr. 3,5. Brukte ca. 1 nøste. Mjuke og gode !

Oppskrifta finn du i LindaN sin blogg her

tirsdag 12. oktober 2010

Lommetøflar - oppskrift



Blir visst aldri lei av å strikka Hedvig sine lomme-tøflar.

Dei er kjekke å ha med seg i veska når du f.eks. skal i besøk, men også kjempekjekke å gi vekk. Og alltid like spennande om mottakaren finn ut ka "veska" skal brukast til ! Då er fantasien på topp, hehe..
I eit gammalt strikkehefte frå 1950 talet er dei å finna også, men med navnet: Nattsokkar.

Oppskrift:

Garn som passar til p.nr. 4. Eg er glad i Dalegarn sitt Falk. Det går med ca. 1 nøste.
Str.: Liten (Medium) Stor
Strikk fram og tilbake på 2 pinnar.

Legg opp 5 m. Strikk 6 pinnar rett.
Fortsett, men auk 1 m i begynnelsen av kvar pinne til det er 22 m (26 m)28 m.

På neste pinne aukar du i kvar maske (fremste og bakerste maskeledd) til 44 m(52 m) 56 m.

Strikk vidare 15 cm 2 r og 2 vr.

Strikk så 2 og 2 sammen til det er 22 m (26 m) 28 m
Fortsett med å fella 1 m i begynnelsen av kvar pinne til det er igjen 5 m.
Strikk 6 pinnar rett og fell.

Brett arbeidet og sy sammen dei smale remsene og sidene på vrangbordstrikken.
Den ser no ut som ei lita veske, men er veldig tøyeleg og passar godt på foten.

Pynt etter smak og behag !

søndag 10. oktober 2010

Hekla glassbrikker - oppskrift


Desse glassbrikkene har eg hekla mange av. For det meste i tynt garn, gjerne Mølnlyche o.l.

Oppskrifta er til dei grader "heimalaga" slik:
12 lm til ring
1. omg.: 18 st i ringen
2. omg.: 2 st-3 lm
3. omg.: 5 st i mellomrommet av dei 3 lm på forrige rad-2 lm
4. omg.: 5 st-3 lm
5. omg.: 5 st-4 lm
6. omg.: 2 st, 2 st i samme st, 2 st-5 lm
7. omg.: 6 st-7 lm
8. omg.: 6 st-9 st i lmbuen
9. omg.: 8 st-5lm-hopp over 3 st-1 fm
10.omg.: 6 st-5 lm
11.omg.: 4 st-5 lm
12.omg.: 2 st-5 lm
Tilslutt picotar rundt.

Forsto du nokke ? Hehe..

Tips: Klikk midt på biletet, og du ser det i større format, og dermed enklare å forstå oppskrifta.

Slumreteppe - oppskrift














I forrige innlegg viste eg slumreteppet eg held på å strikke.
Sidan det kjem spørsmål om oppskrift, tar eg den med her.
Oppskrifta sto i Familien nr. 2/00.

Teppet er strikka som lange remser på 2 pinnar. Det skal bli ca. 1,85 m. Tilslutt skal remsene syast sammen med strikkegarnet. Det er eit kjempeenkelt mønster som passar godt til TV kveldane. Dette er mitt 3. teppe. ;)

Garn: Rubin
Farge: Grå nr. 403
Pinnenr. 4

Legg opp 29 m
1. rad: 2 r, 1 kast, 4 r, 2 r sm, 2 r sm, 4 r, 1 kast
1 r, 1 kast, 4 r, 2 r sm, 2 r sm, 4 r, 1 kast, 2 r
2. rad: Vrangt
3. rad: Rett

Gjenta til remsene blir så lange som du ønskjer teppet skal vera. Eg brukar ca. 4 nøster pr. remse. Lukke til då ! ;)

søndag 3. oktober 2010

Tidsfordriv på hytta






Halvferdig handarbeid er alltid med som fast inventar i hyttehelgane.
Denne gongen strikka eg på tepperemsene med navn: Raspberry Chevron Afghan og sokkar.

Skulle vel passe bra for årstida. Konglane eg plukka, er fine til dekorasjon.

Hyttehelg









Hausten gjev oss flotte fargar i naturen. Peiskos og god mat/drikke.
Slik som vist her, var det denne helga på hytta.

søndag 19. september 2010

Klar for hausten - teppet er ferdig !


Sånn, då er eg ferdig med slumreteppet !

Det er hekla i Dalegarn sitt Falk. Vart 1,30 x 1,80 m

fredag 17. september 2010

Vaskeklutar - oppskrift


Ingenting er som heimestrikka vaskeklutar til kjøkkenbenken !

Desse er strikka i Paris på p.nr. 3. Tjukke og kjempegode !
La opp 49 m og strikka 3 rett og 1 vrang,(avslutta alltid pinnen med 1 rett)
Strikka til nøstet vart brukt opp.

Kan iallefall ikkje klaga på at ikkje utstyret er i orden... Hehehe

søndag 12. september 2010

Du ditt troll..


Denne blide og koselege karen ønskjer oss velkommen til hytta, når vi kjem der.


lørdag 11. september 2010

Slumreteppet nærmar seg mål !


Held på å hekle dette slumreteppet i Falk frå Dalegarn. Heklenål nr. 3.
Er storførnøgd med fargane som er sett sammen etter som "eg har gått".
Grunnoppskrifta fann eg i Familien si heklebok nr. 3.

Det kjem til å bli ca. 1,80 langt. Klikk midt på biletet, då ser du betre fargane.