lørdag 31. juli 2010

Sokkestrikking


På ein av strikkekafeane eg er på, såg eg Siri held på å strikka stripete sokkar. I garnhaugen min fann eg 2 nøster Sisu, så her er eg i gong.

Eg synes alltid det er kjekkast å strikka sokk nr. 1. Sokk nr. 2 er mange gonger eit ork !!! Han eg bur ilag med kom med denne: "Kan du ikkje strikka sokk nr. 2 først då !? " Hehehehehehe..

lørdag 24. juli 2010

Raud veske




Måtte strikka meg ei veske til dei nye raude sandalane. Kjekt med litt spreke fargar innimellom alt det grå og svarte.

Brukte 4 nøster Artic garn kjøpt på Europris. Pinner nr. 5,5. Tova i vaskemaskina på 40 grader.
Alltid like spennande kva som viser seg då !

mandag 12. juli 2010

Støylsliv





Sogn og Fjordane har fått status som trivselsfylket.
Her var det iallefall godt å vera for få dagar sidan.

Dei fine sokkane har eg ikkje strikka sjøl, men er derimot kjøpt i Gloppebua på Sandane. Der må eg innom kvar sommar for å sjå dei flotte husflids- og handtverksprodukta.

søndag 11. juli 2010

Ei undrande ku


Denne flotte kua lurer nok på ka eg driv på med på hytta. Eg heklar, vel ! Ser du ikkje det då ? :)

torsdag 8. juli 2010

Heklar bølgeteppe på hytta






Etter inspirasjon i bloggen "Mitt hvite hus", er eg godt i gang med bølgeteppet.
Eg brukar Dalegarn sitt Falk og heklenål nr. 3.
Utrulig kjekt å hekle, og fargane blir til etter som "eg går". Hyttekos. ;)

onsdag 30. juni 2010

Hekleri heklera..


Måtte berre kjøpa desse fantastisk gode heklenålene ! Merke: Clover Soft Touch. Ergonomisk riktig utført. Fekk omtrent ei ny hekleverd !

Eg kjøpte dei her: http://www.annesgarn.no/index.php?pg1-cid171.html

tirsdag 25. mai 2010

Hekla nåleputer


Desse var kjappe og kjekke å hekle.
Brukte Bomull Sport.

fredag 21. mai 2010

Varp på Fretex.. ;)


Desse antikvitetane fann eg på Fretex ein dag. Sidan det ikkje sto prisen på dei, tok eg dei med meg i kassen og ville vita prisen.
"10 kr. pr. stk. skal du ha dei ?". Lettare sjokka: "Eeh.. jaaaaaaa takk !"

lørdag 15. mai 2010

Knallgod sjokoladeiskake !


Denne iskaka er knallgod ! Løp og kjøp hvis det er noko du manglar for å kunne laga den !
Her kjem oppskrifta:

Kakebunn:
3 eggekvitar
1 dl sukker
1/2 plate kokesjokolade
2 1/2 dl kokosmasse

Sjokoladeiskrem:
3 eggeplommer
1 dl sukker
3 dl kremfløyte
1/2 plate kokesjokolade

Pynt:
bær og frukt etter smak
sjokoladedråpar


Pisk eggekvitane stive med sukker. Bland reven sjokolade med
kokos og skjær det forsiktig inn med ein slikkepott.
Smør ei form, 24 cm i diameter og legg gjerne bakepapir i bunnen
av forma. Fordel røra i og steik ved 170 gr i ca. 15-20 minutt.
Avkjøl bunnen på rist.

Pisk eggeplommane stive med sukker. Bland inn stivpiska fløyte og
1/2 plate hakka sjokolade. Legg bunnen, som er avkjølt tilbake i
kakeforma og fordel ismassen over. Sett kaka i frysaren minst 5-6 timar.

Ved servering tas kaka ut 10-20 minuttar før den skal serverast. Pynt med sjokolade dråpar eller reven sjokolade og frukt og bær etter eige ønskje.

torsdag 13. mai 2010

Ankelkorte "innesokkar" med perler


I boka "Strikk og bruk" frå Du store Alpakka fann eg oppskrifta til desse ankelsokkane. Dei er strikka i Sterk på p.nr. 3

Pynta dei med perler og perlemorblomster.

søndag 9. mai 2010

Flott rosemåling


Denne rosemalte øskja har eg arva. Synest endå eg "kjenner" smaken av kjeksa som var i den. Er usikker på om den er å få kjøpt i dag. Vakker rosemåling !

Steingal ?


Har lite greie på steinsortar, men desse har eg funne på dei mange fjellturane mine.

Syns dei var så flotte, så eg tok dei med i sekken heim.
Har notert kor eg har funne dei og dato. Alle i vestlandske fjellparti.

søndag 2. mai 2010

Nytt til kjøkkenet





I min iver etter å redusera garnhaugen, vart desse vaskeklutane til.

Oppskrift:
Den øverste og nederste er strikka slik: La opp 57 m på p.nr. 3,5 og strikka 3 r og 1 vr. Avslutta pinnen med 1 r. Strikka slik på alle pinnane til nøstet var brukt opp.
Dei "spettete" er strikka med dobbelt bomullsgarn. La opp ca. 50 m og strikka riller (alle pinnar rett).
Dei nest nederst er hekla. La opp 50 lm og hekla fm fram og tilbake til nøstet var brukt opp.

Slike heimalaga klutar er mykje betre enn kjøpeklutane !
Best er det å bruka bomullsgarn som kan vaskast i maskin på 60 gr.

mandag 26. april 2010

Hekla dekor


Med heklenål og restegarn vart desse slik.

lørdag 24. april 2010

Pulsvarmarar


Desse pulsvarmarane var kjappe å strikka, iallefall når utetemperaturen varierer sterkt i desse vårtider.
Eg brukte det nye garnet Royal Alpakka frå Dalegarn.

søndag 11. april 2010

Det er VÅR !


Åååå for ei fin årstid ! Oppheld meg på terrassen med musikk på øyra, strikking og hekling på denne fine dagen.

Restegarnsopprydding


Etter eit langt liv med strikking og hekling, er det igjen tid for å bruka av restegarnlageret.
Då vart det endå fleire lommetøflar i Dalegarn sitt Falk, og hekla lappar til slumreteppe.
Men føler garnlageret er like stort... !

torsdag 25. mars 2010

Vietnam - venskap




Etter ein ferietur til Vietnam nyleg fekk lommetøflane
bein å gå på ! ;) Det vart ei populær gåve !

Vart kjend med ei vietnamesisk ung jente som nettopp
hadde lært seg å strikka. Far hennar hadde sagt det var 2 ting
i livet ho måtte læra seg. Å lage mat og å strikke !
Han hadde laga 2 strikkepinnar i bambus, men ho hadde mista den
eine pinnen !

Då var det ikkje vanskeleg å gje frå seg pinnar og garn, og samtidig
læra henne å strikka lommetøflar! :)
Dagen etter kom ho smilande tilbake, for etter å ha sete oppe til
langt på natt, hadde ho strikka dei ferdig !

Og no er det på vei ein pakke med garn og pinnar frå Norge til
den skjønne jenta i Vietnam. :)