onsdag 14. oktober 2009

Korger


Har alltid hatt litt sans for korger. På tur til Madeira kom eg over eit spennande korgmarked. ;)
Her var det godt å vera !!! ;)

Babyluer til Malawi i Afrika


Det har dette året gått ei strikkebølge over heile landet til for tidleg fødte barn i det afrikanske landet Malawi. Den heiv eg meg på og fekk brukt mykje restegarn. På strikkekafeen var ivrige damer i sving, og kunne overlevera til Haukeland sjukehus heile 917 luer ! Her er nokre av mine.

Hekla remser


Desse hekla remsene veit eg ikkje heilt kva eg skal bruke til. Kanskje på ei hylle el.l. Har brukt Solberg 12/3 bomullsgarn

tirsdag 13. oktober 2009

Grytelapputstilling
















På Osterøy Museum var det for ei tid sidan ei imponerande grytelapputstilling ! Sjå her kva 20-30 damer kom med i posar til den planlagde utstillinga ! Du blir i godt humør av alle dei flittige hendene som har vore i sving i lang lang tid tilbake. Legg ut her ein brøkdel av dei... !

Lommetøfler


Desse populære lomme tøflane til Hedvig er det strikka mange av. Ein skulle gjerne tru at det er noko nymotens greier, men i eit gammalt strikkehefte frå 50 talet er det oppskrift på dei. Men den gongen vart dei kalla nattsokkar. Så dei kunne det før i tida også.

Vakre Skudeneshavn !



































































Reis til Skudenes-havn og opplev eit syn for auga og ei oppleving for sjela ! Den gamle bebyggelsen er godt bevart med kvite hus og smale smau med koselege kafear. Var der for eit par år sidan og reiser med glede tilbake !

Vakkert gammalt sengeteppe !


Dette vakre sengeteppet kom eg over på Osterøy museum. Måtte heim i oppskriftene mine å leite, og jammen fann eg oppskrifta !
Hm.. så var det pågangsmotet då. Har mange ufo'ar...

Tova sokkar


Desse sokkane er strikka i Mor Aase ullgarn og tova i vaske maskina.

Sommar i hagen


Slik såg det ut i hagen i sommar.

Pusekattar..


Her har eg testa det nye Nikon fotoapparatet mitt.

Vakker plante


Eit lite kunstverk i naturen.

Kvitveis


Vakker vårplante som det finst mykje av på desse kantar.

Babyteppe


Babytepper er kjekt å strikke. Dette er i dobbel perlestrikk strikka i Dale babyull på pinne nr. 4. Luftig og utruleg mjukt. Brukar ca. 6 nøster.
Oppskrift: Legg opp 172 m og strikk i begynnelsen og slutten av teppet 8 p rett =riller. Dei 4 første og 4 siste m på pinnen strikkast heile tida rett.

Ellers dobbel perlestrikk slik: 2 pinner 2 r og 2 vr, og 2 pinner vr over r og r over vr.

Strikk til teppet er omtrent firkanta.
Hekle ein picotkant rundt heile teppet til slutt, slik: *3 lm, 1 fm i første lm, 1 fm i kanten* Gjenta frå *til*.

mandag 12. oktober 2009

Bær på tre


Plukke plukke...

Natursti

I nærområdet går det ein fin natursti som er mykje brukt. Hadde meg ein tur ein fin oktoberdag.

Trøtt av dage


På mi vandring i naturen slumpa eg bort i denne. Det er haust og vinteren nærmar seg. Kunne vore god å varma seg på, men for seint antakeleg..

Stubbe


Tok med meg mitt nye Nikon digitale speilrefleks kamera på vandring i nærområdet. Der traff eg denne stubben som har sett sine beste dagar.

Thermis


Klar for vinteren med ein Thermis. Strikka i dobbel Lanett og pinnenr. 4.

Leggvarmarar


Kjekt med døtre som ønskjer seg noko heimestrikka ! ;) Har strikka leggvarmarar og pynta dei med knapper og snor øverst. Klar for vinteren !

Gammaldagse grytelapper


Desse gryte lappane er det blitt strikka mange av. Har funne ut kva slags fargar som passar til kjøkkenet til venner og kjente, og gitt vekk.