søndag 9. mai 2010

Flott rosemåling


Denne rosemalte øskja har eg arva. Synest endå eg "kjenner" smaken av kjeksa som var i den. Er usikker på om den er å få kjøpt i dag. Vakker rosemåling !

Steingal ?


Har lite greie på steinsortar, men desse har eg funne på dei mange fjellturane mine.

Syns dei var så flotte, så eg tok dei med i sekken heim.
Har notert kor eg har funne dei og dato. Alle i vestlandske fjellparti.

søndag 2. mai 2010

Nytt til kjøkkenet





I min iver etter å redusera garnhaugen, vart desse vaskeklutane til.

Oppskrift:
Den øverste og nederste er strikka slik: La opp 57 m på p.nr. 3,5 og strikka 3 r og 1 vr. Avslutta pinnen med 1 r. Strikka slik på alle pinnane til nøstet var brukt opp.
Dei "spettete" er strikka med dobbelt bomullsgarn. La opp ca. 50 m og strikka riller (alle pinnar rett).
Dei nest nederst er hekla. La opp 50 lm og hekla fm fram og tilbake til nøstet var brukt opp.

Slike heimalaga klutar er mykje betre enn kjøpeklutane !
Best er det å bruka bomullsgarn som kan vaskast i maskin på 60 gr.

mandag 26. april 2010

Hekla dekor


Med heklenål og restegarn vart desse slik.

lørdag 24. april 2010

Pulsvarmarar


Desse pulsvarmarane var kjappe å strikka, iallefall når utetemperaturen varierer sterkt i desse vårtider.
Eg brukte det nye garnet Royal Alpakka frå Dalegarn.

søndag 11. april 2010

Det er VÅR !


Åååå for ei fin årstid ! Oppheld meg på terrassen med musikk på øyra, strikking og hekling på denne fine dagen.

Restegarnsopprydding


Etter eit langt liv med strikking og hekling, er det igjen tid for å bruka av restegarnlageret.
Då vart det endå fleire lommetøflar i Dalegarn sitt Falk, og hekla lappar til slumreteppe.
Men føler garnlageret er like stort... !

torsdag 25. mars 2010

Vietnam - venskap




Etter ein ferietur til Vietnam nyleg fekk lommetøflane
bein å gå på ! ;) Det vart ei populær gåve !

Vart kjend med ei vietnamesisk ung jente som nettopp
hadde lært seg å strikka. Far hennar hadde sagt det var 2 ting
i livet ho måtte læra seg. Å lage mat og å strikke !
Han hadde laga 2 strikkepinnar i bambus, men ho hadde mista den
eine pinnen !

Då var det ikkje vanskeleg å gje frå seg pinnar og garn, og samtidig
læra henne å strikka lommetøflar! :)
Dagen etter kom ho smilande tilbake, for etter å ha sete oppe til
langt på natt, hadde ho strikka dei ferdig !

Og no er det på vei ein pakke med garn og pinnar frå Norge til
den skjønne jenta i Vietnam. :)

søndag 31. januar 2010

Thermis


2 mjuke, gode og varme halsar, populært kalla Thermis.

På www.hobbyboden.com har desse vore kjempepopulære. Diskusjonen gjekk i kva slags garn som var best å bruka. Min favoritt er dobbelt babygarn på p.nr. 4.

Hekla restegarnpute


Blir visst aldri ferdig denne ! Det skal bli ei pute, men det går i rykk og napp. Hm.. kanskje eg kunne strikke bakstykke i staden for å hekle..og heller hekle picot kant rundt til slutt. Kanskje den då blir fortare ferdig.. *fnis* Garnet eg brukar er Gjestal Bomull Sport.

Genial jakkepynt


Sjå her kva eg har fått av mi gode strikkeveninne ! Ho har laga bittesmå nøster og sett ei nål på baksida. Midt i blinken for ei strikkoman dame som meg ! Takk Kjellaug !

Gladsokkar ;)


Gladsokkar i Dalegarn sitt Falk. På bråtet har eg brukt effektgarnet Pelikan, også frå Dalegarn. Unnateke det siste paret, som eg ikkje hugsar navnet på.

Vottar i lange baner


Desse vottane har eg ikkje strikka sjølv. Det 1. 2. og 4. paret kjem frå handarbeidstreffet på Osterøy Museum. Det er gamle mønster som er rekonstruert. Par nr. 3 er det mi strikkeglade mor som har strikka.

Kjekke halsar


Kva slags farge skal eg velgja i dag, skal tru ?
Kjekke halsar strikka i Dalegarn sitt Lerke på p.nr. 4. Mjuke og gode ! Lerke er et kjempegodt kvalitetsgarn som inneheld 52 % Merinoull og 48 % Bomull.
Må innrømma eg er Dalegarn tilhengjar. Synest det er artig at garnet deira som oftast har eit fuglenavn. Har de tenkt over det ?

lørdag 30. januar 2010

Vottar i tvebandstrikk og mønster frå gammal tid



Herlege vottar i tynt babygarn ! Kanten er i tvebandstrikk og mønsteret er frå gammal tid.

Har riktignok ikkje strikka dei sjøl, men det har ei av damene på handarbeidstreffet på Osterøy Museum gjort. :)


søndag 24. januar 2010

Lommetøflar i lange baner



Prøver å redusera litt av garn-haugen. Har mange enkle nøster som ikkje "er til noko". Då er lommetøflar tingen ! Det går ca. 1 nøste til eit par.
I bloggen til Hedvig er oppskrifta å finna. Eg har utvida den litt til å gjelda 3 størrelsar. Har stort sett brukt Dalegarn sitt Falk på p.nr. 4. Kjekke gåver. ;)

lørdag 23. januar 2010

Gryteklutar i god gammal strikketeknikk


Grytelappar strikka i Mor Aase bomullsgarn på pinne nr. 3.
Enkelt mønster som består av kun rettmasker. Ingen vrange !

søndag 17. januar 2010

Ei rett, ei vrang.


Ei rett, ei vrang. Rillestrikk. Mønsterstrikk. Strikking er på mote som aldri før. Det syner alle strikkekafeane som har dukka opp dei siste åra.
Garnprodusentane kjem med nye spennande garnsortar, som med tjukke pinnar blir til
alt frå småplagg til store tepper m.v.

Det heiter seg at "Å driva med handarbeid, gjev styrke og fasthet i livet".
I eit blad eg kom over sto denne: "Veit de kvifor kvinnfolk strikkar ? Jau, for at dei skal ha noko å tenkja på medan dei snakkar !" :) :) :)
Ha ein strålande dag !

søndag 3. januar 2010

Hekla duk og løpar frå mor. :)


Denne flotte duken og løparen har eg fått av mor.
Ho har hekla dei i Solberg bomullsgarn 12/3.
Flott arbeid av ei dame på over 80 år !
Verdifullt !